BOKANBEFALINGER FOR VOKSNE

Abonner på BOKANBEFALINGER FOR VOKSNE nyhetsstrøm
RSS Feed fra bokanbefalinger.deichman.no
Oppdatert: 49 min 29 sek siden

Toget til Pakistan av Khushwant Singh

Tirsdag 19. september

Toga kjem og går, men ein dag blir eit stille spøkelsestog ståande på stasjonen. Om kvelden ser landsbyfolket lyset frå eit stort bål og dei kjenner ei underleg lukt. Dei skjønar etterkvart at toget hadde vore fullt av drepne sikhar frå Pakistan. Mange skjønar også at muslimane i landsbyen må evakuerast for å bli redda frå hemnaksjonar utanfrå. Andre landsbybuarane blir oppildna til å avverge redningsforsøket og ta hemnen i eigne hender. Lar det seg stoppe og kven kan i tilfelle greie det?

 

Kan/vil magistraten Hukum Chand, ein mann med innverknad, greie å stoppe volden? Eller Iqbal Singh, ein tilreisande sosialarbeidar? Eller kanskje forbrytaren og sikhen Juggut Singh, som har eit heftig kjærleiksforhold til ei muslimsk jente? Spenninga blir halden vedlike heilt til siste side.

 

Boka er spennande, men også interessant på grunn av det historiske stoffet. Ikkje minst belyser romanen eit dessverre alltid aktuelt tema, nemleg korleis ulikheiter og konfliktar mellom folkegrupper kjem til syne, og utviklar seg til hat og vold. Det er nærliggande å tenkje på tidlegare Jugoslavia der gode naboar vart uforsonlege fiendar i konflikten på 1990-talet.

 

Train to Pakistan kom første gong ut i 1956, men vart ikkje utgitt på norsk før i 2012.

En liten hvit fjær av Jacqueline Winspear

Tirsdag 19. september

Handlinga foregår på slutten av 1920-tallet, i eit England (London) framleis prega av sår frå 1.verdenskrig. Ikkje alle har greidd å legge krigen bak seg, og det er også bakgrunn for historia som etterkvart blir rulla opp. Tidskoloritten kjem godt fram i skrivemåte og personskildring og gir boka eit passande gammalmodig preg.

 

Privatetterforskar Maisie Dobbs har fått i oppdrag å finne Charlotte, den forsvunne dottra til ein av dei rikaste mennene i England. Så dukkar det opp fleire mord, i alt tre kvinner viser seg å vere myrda. Alle har tilhøyrt ein venninneklikk der også Charlotte tidlegare var med. Det må bety noko, meiner Maisie, og ho fryktar at Charlotte er det neste offeret. Det blir mye å stå i for Maisie, som også har ein god del å å ta fatt i på privatfronten. Men, Maisie løyser det meste med kløkt og intuisjon!

 

Dette er ei forfriskande bok å koble av med. Heia Maisie!

Sang til den storm som skal komme av Peter Fröberg Idling

Tirsdag 19. september

Handlinga i denne romanen er lagt til Phnom Penh i Kambodsja, nokre veker rundt det første frie valget i 1955. Boka har tre hovudpersonar, og dei har alle sin del av boka: Den vakre, dekadente prinsesse Sonaly, årets Miss Cambodge og hennar to menn. Ho er forlova med Sar, sekretæren i det demokratiske opposisjonspartiet. Han har studert i Frankrike i fleire år, og har der vorte radikalisert. Tilbake i Kambodsja lever han eit dobbeltliv, der han i det skjulte er med på å bygge opp kommunistpartiet. Forlovinga med ei prinsesse passar ikkje inn, men han klarer ikkje å bryte kontakten, sjøl om ho held han på avstand etter at han kjem tilbake frå Frankrike. Sonaly, som verkar livslei, blir elskarinna til kvinnebedåraren Sam Sary, den politiske hovudmotstandaren til Sar. Han er sentral i partiet som har makta og tilhengar av brutale metodar for å stoppe opposisjonen.

 

Handlinga er bakteppe for hendingar som skal kome 20 år lenger framme i tid. Sar blir seinare kjent under namnet Pol Pot, leiaren for Røde Khmer, som i 1975 erobrar makta i Kambodsja og i løpet av fire år utslettar ein tredjedel av folket der. Dette bakteppet av verkelege hendingar og personar gjorde boka til svært spennande lesing, synest eg. Den unge Pol Pot (Sar) blir ikkje framstilt som ein usympatisk person. Han er bl.a. svært godt likt som lærar i fransk lyrikk. Sam Sary, derimot blir framstilt som rå og brutal. Dette er fiksjon, så om skildringa av Sar og Sam Sary er "sannferdig" er umulig å vite, men som lesar har ein med seg det som seinare hendte, og spør seg om valga dei tre personane tok i 1955 hadde innverknad på den seinare katastrofen. Kunne tragedien på nokon måte vore unngått? Dette er spørsmål ein grunnar over under lesinga av «Sang til den storm som skal komme».

 

Ein godt skrive, kompleks og spennande roman, som eg hadde stort utbytte av å lese.

 

Peter Fröberg Idling har tidlegare skrive dokumentarboka Pol Pots smil : om en svensk reise gjennom Røde khmers Kambodsja.

Taushet er gull av Lyndsay Faye

Tirsdag 19. september

Boka startar med at ei vakker og livredd kvinne oppsøker politistasjonen og melder at familien hennar er stolen. Helten i boka, Timothy Wilde, tar saka. Han er tenestemann i det nyoppretta politikorpset NYPD, og ein mann som let seg opprøre av urettferd. Sjøl om han helst vil følgje lova, tar han ein del omvegar for å få has på skurkane. Og skurkane dei finnst over alt, også innanfor politikorpsets eigne rekker.

 

Boka byr på ei mangslungen handling og eit rikt og myldrande persongalleri. Bror til Timothy, t.d. er ein nokså spesiell kar, sjøl om han er kaptein i politiet.

 

Ei spennande historie, som i tillegg ga eit svært interessant tidsbilde av New York!

Historiske Trondheim av Trine Søraa, Tom Erik Sørensen

Tirsdag 19. september

Boka handlar bl.a. om ruta ned Munkegata, over Nidelva og opp Bakklandet, og tek for seg bygningar, verksemder, hendingar og personar med tilknytning til ruta.

 

Guiden er oversiktleg og lett tilgjengeleg. Det er akkurat passe med tekst, og tekstane er krydra med historier og anekdotar, som gjer det artig å lese.

 

Mange gatenamn får si forklaring. Kvifor har Trondheim ei veit som heiter Presidentveita, feks? Og kven var denne stadsingeniør Dahl som Stadsingeniør Dahls gate har fått namn etter? Her får vi vite at det er ikkje lite han har stått bak når det gjeld utforminga av det «moderne» Trondheim. Og visste du at jernbanen i sin spede barndom gjekk over Nidelva ved Elgeseter? Størenbanen vart opna i 1864, og den første turen til Støren tok tre timar kvar veg. Eller visste du at Bakklandet ikkje høyrde til Trondheim før 1845, og dermed var ein populær plass å drive avgiftsfri handel?

 

Alt dette og mye meir kan du lese om i «Historiske Trondheim». Har du smarttelefon kan du dessutan skanne QR-kodane knytta til dei ulike stadene og høyre det aktuelle radioprogrammet.

Under åpen himmel av Jesús Carrasco

Tirsdag 19. september

Eg kan ikkje røpe for mye om handlinga her, men kort fortalt handlar "Under åpen himmel" om ein gut på rømmen i eit ubarmhjertig landskap. Han er bokstaveleg tala under åpen himmel med minimale muligheiter for tilgang på mat, vatn og skjul. Vi skjønar etterkvart at han har rømt frå vonde hendingar og at forfølgjarane er i hælane på han. Heldigvis møter han «Gamlingen», ein gammal geitegjetar som hjelper han.

 

Samfunnet verkar å vere like ubarmhjertig som landskapet guten og Gamlingen bevegar seg i. Det ser ikkje ut til å vere grenser for råskap og vondskap. Går det an å overleve i eit slikt samfunn utan sjøl å ty til vold? Dette er dilemmaet forfattaren tek for seg.

 

"Under åpen himmel" er ei heilstøpt og gripande forteljing som ga meg sterke assosiasjonar til romanane til Cormac McCarthy, ein mine favorittforfattarar. Jesus Carrasco debuterer med denne boka. Eg ser fram til fleire bøker frå han!

Togreiser av Håvard Rem

Tirsdag 19. september

Rem tek for seg seks reisestrekningar i Norden, Europa og Asia. Her er det mange interessante muligheiter, som i alle fall ikkje eg hadde tenkt på. Kva med «Hippieruta for menigmann», for eksempel? Rem si hippierute startar på Notodden og endar i Marrakech. Eller «De østeuropeiske alper» som tek for seg strekningen Åndalsnes – Athen, via Budapest og Bucuresti.

 

Rem skriv med personleg vri og smettar inn akkurat passe med historie, både om tog og land.

 

Boka er ikkje ei direkte handbok, men har med ein god del praktiske og nyttige opplysningar. Sidan boka kom i 2009 må ein vere obs på at noko av dette vere utdatert.

 

Her er det berre å plukke idear til neste togreise!

Profetene i Evighetsfjorden av Kim Leine

Tirsdag 19. september

Handlinga i romanen foregår i Danmark-Norge og på Grønland på 1700-talet, og følgjer den norske teologistudenten, seinare presten, Morten Falck. Etter studiane i København reiser Falck til Grønland der han skal vere pastor i kolonien Sukkertoppen. Der ventar det han eit hardt liv. Han er ikkje førebudd på å møte eit samfunn så prega av naud, fyll og vold. Falck sjøl er ikkje fri for synder, men dei moralreglane han kjenner, ser i det heile tatt ikkje ut til å gjelde her. Kulden, mørkret og einsemda tek også på. Han tyr til alkoholen, og blir etter kvart ganske nedbroten. Så mye meir om lagnaden til Morten Falck skal eg ikkje gå inn på her, men han får i alle eit svært mangslungent liv.

 

Boka gir eit interessant innblikk i korleis to kulturar kolliderer, på eine sida kolonimakta Danmark og på andre sida Grønland, som er kolonisert av Danmark, og dermed veslebror her. Dei innfødte blir sett ned på av danskane og blir omtala som «ville». Men, kven er eigentleg ville og primitive? Dei danske representantane oppfører seg langt i frå «sivilisert» og sympatisk, heller ikkje presteskapet.

 

"Profetene i Evighetsfjorden" er ei fantastisk og frodig forteljing å lese, men du må tåle ein del skildring av skitt, lort og brutalitet. Kim Leine fekk i 2013 Nordisk råds litteraturpris for boka.

Glansbildesamlarane av Jóanes Nielsen

Tirsdag 19. september

Idyllen tek slutt den dagen da det blir oppdaga at nokon har klippt ut bilde frå bildebibelen til nonnene. Verda er ikkje lenger uskyldig og og livsvegen skal vise seg å bli barsk for dei fleste av dei. Djalli døyr allereie som 11-åring, av hjernehinnebetennelse. Ingimar blir den neste. Han druknar på rekefeltet ved Grønland.

 

Døden er i det heile ofte til stades i denne romanen. Råskap i ulike former er heller aldri langt unna, og menneskesynet som kjem fram kan ikkje seiast å vere særleg optimisk. Dette kan høyrast ut som begredelig lesing, men slik opplevde ikkje eg det. Historiene er frodig og usentimentalt fortalt, det er ramsalt humor og språket er både saftig og poetisk.

 

Stor forteljekunst, spør du meg!

I dag såg eg to spadar av Hans Sande

Tirsdag 19. september

Historiene er laga som korthogne, slåande dikt og små fabulerande prosatekstar. Høyr berre på dette diktet om Krokøksa:

 

Dei lo av den gamle øksa

Skaftet var krøkt

og eggen rusten

men i draumen

skalv dei store skogane

og fall på kne

 

Reiskapane er til å kjenne igjen, sjølv om dei har vorte forma om. Dei er framleis reiskapar, men som det kjem fram i mange av tekstane i boka, har dei fått eit nytt liv etter at slitet er over. Fleire av dei har har fått det friare og meir sprelsk enn da dei var i bruk i arbeid. Vi har t.d. både «Gladspaden» og «Frispaden». Ikkje minst har vi «Greip på date», som kan love godt for den som byrjar å dra på åra.

 

Fotografia, som Ole Fretheim står for, gjer at skulpturane verkeleg kjem til sin rett og gir boka ein ekstra dimensjon, slik som t.d. fotografiet av den utslitne «Samlivsspaden» som står der i åleine og gløymt i skodda. Min favoritt er kanskje fotomontasjen til "Glideflukt" som viser ei surfande slegge. For eit driv!

 

«I dag såg eg to spadar» er ei frodig og underfundig bok, som eg hadde stor glede av å bruke tid på. Du vil ikkje angre på eit besøk i Hans Sande si verd av reiskapar med nye former og nytt liv!

Bølle på døra av Jennifer Egan

Onsdag 6. september

Det er ingen hovedperson i denne boka, men mange fortellinger som veves sammen og forteller en historie som strekker seg fra 1979 og noen år inn i framtiden. Det er ikke alltid like lett å se hvordan historiene henger sammen og hvem som forteller, hvilket forhold de har til hverandre og hvor i handligsløpet historien hører hjemme. Det ble aldri forvirrende, bare fasinerende.

 

Sentralt står Bennie Salazar og Sasha, og alle historiene har en tilknytning til de to. Bennie er en tidligere punkrocker som nå er blitt en vellykket musikkprodusent. Sasha er hans assistent, som sliter med kleptomani og har en brokede fortid.

 

Jeg liker bøker der jeg får flere personers syn på hendelser, og likte veldig godt at historiene ikke kom kronologisk. Fikk stadige aha-opplevelser da sammenhenger plutselig dukket opp, en overraskende bok!

Mørkerom av Anders Lunde

Onsdag 6. september

I en liten bygd der de fleste tror de vet det meste om naboene, kan det skule seg mange hemmeligheter. Den dagen den forhatte bygdeorginalen Einar Abrahamsen dør skjer det flere ting i den lille bygda. Alle, store som små, får en konvolutt levert i postkassa med navnet sitt på, og huset til Einar Abrahamsen brenner ned. I konvolutten er historien til mottakerne skrevet ned, alt de har gjort, tenkt og følt gjennom livet, til og med deres mørkeste, skitneste hemmeligheter som de aldri har delt med noen andre. Og det er ikke småtterier enkelte skjuler!

 

I boka får vi historiene til flere av brevmottakerne, og hvordan de reagerer på at en de har sett på som bygdas skrulling kunne ha så mye kunnskap om dem.

 

En fascinerende og smule ubehagelig historie, hva om noen vet alt om meg??

Krystallslottet av Jeannette Walls

Onsdag 6. september

Jeannette vokser opp som nest eldste barn i en søskenflokk på fire. Mor er en lettere gal, eksentrisk kunstner som syns at å lage kunst er viktigere enn å lage middag. Far er en handy altmuligmann med store drømmer, god fantasi og liten evne til å holde på jobber. Faren er varm og god, men når han blir full slår de destruktive sidene til og han kan bli voldelig. Foreldrene ser på hjemløshet som et spennende eventyr, og familien flytter rund dit vinden blåser dem. Barna må klare seg selv, de har popkorn til middag, utslitte klær og vasker seg bare når de må.

 

Egentlig en helt forferdelig barndomsskildring, men Walls kjærlighet til foreldrene, hennes store overlevelsesevne og tro på at alt kommer til å ordne seg skinner hele veien igjennom og gjør at dette slett ikke er en trist og vond bok.

Da himmelen falt av Nazish Khan

Onsdag 6. september

Den handler om tvangsekteskap og om arrangerte ekteskap. Visste du at det er en stor forskjell på disse to? Det visste ikke jeg og ifølge boka så er det for mange pakistanske foreldre med norsk-pakistanske barn en glidende overgang her som ikke alltid er like klar.

 

Boka var interessant, den inneholder intervjuer med både kvinner og menn som har blitt giftet bort mot sin vilje - for det gjelder ikke bare kvinner slik vi har lett for å tro!

Gutter og lesing av

Tirsdag 5. september

Boken kan være et nyttig hjelpemiddel for alle voksne som jobber med å stimulere til økt lesing blant barn og ungdom, som lærere og bibliotekarer. Også foreldre vil finne nyttige tips her, der det aller viktigste er: hvis ikke far leser, så leser ikke poden. Boken inneholder også en fin liten oversikt over bøker (med omtale) som passer til de forskjellige lesetrinn. Mange forskjellige stemmer blir hørt, fra gutter som ikke liker lesing til forskere som har kartlagt lesesituasjonen. I boken kommer også kjente forfattere som Arne Svingen, Harald Rosenløw Eeg og Jørn Lier Horst til orde med sine tanker om hva som er problemet og hva som kan gjøres.

 

En så grundig og omfattende bok vil inneholde noe av interesse for de fleste som er opptatt av temaet. Noen aha-opplevelser er det også å finne. Visste du at gutter aldri har lest og skrevet så mye som i dag?

Da byen brant av Gunnar Staalesen, Jo Gjerstad

Onsdag 30. august

Kalenderen viste 15. januar, 1916. Det var storm. Noen arbeidere bar en bunt lange rør. Ved siden av gikk en gutt med et vokslys og viste vei. I løpet av sekunder var det full fyr.

 

Ett døgn senere var store deler av Bergen sentrum lagt i grus og aske. 384 bygninger forsvant, hvorav 388 butikker. 2700 beboere var også rammet. Forrige storbrann hadde vært i 1855. Allerede dagen etter ba hovedstadspressen folk om hjelp. Bidragene strømmet inn; penger, mat og klær fra hele landet. Aftenposten åpnet en sentral for hjelpesendinger på Grand Hotel i Oslo. Flere byer sendte skip med nødhjelp. Hele Norge var rystet. Også utenlandske medier skrev om brannen.

 

Mange byer har hatt storbranner gjennom årene. Det er interessant å lese datidas perspektiv. Hva kunne brannvesenet stille opp med? Kunne en slik bybrann oppstått i dag? Boka er full av foto, personlige beretninger og avisoppslag. Bergen Brandvæsen er viet et eget kapittel. Gunnar Staalesen bidrar med skjønnlitteratur; bl.a. en bearbeidet versjon av romanen «1900 Morgenrød», som omhandler brannen.

 

Ei veldig interessant bok med gode foto, historiske fakta og levende beskrivelser.

Norges beste sykkelturer av Sissel Jenseth

Onsdag 30. august

Her kan man lese om øyloffing mellom Hvaler og de svenske Kosterøyene, kystruta i Vestfold med mange historiske stoppesteder og mjøstråkk fra Lillehammer til Hamar. Her er turer på Sørlandet og opplevelser på Telemarkskanalen. Nordsjøsykling langs Jærens strender, tur fra Røros til Trondheim og langs Helgelandskysten til Vega og de Sju søstre.

 

Hele 45 turer med beskrivelser, tips, oversikt over severdigheter og overnattingssteder. Boka egner seg også for barnefamilier. Den inneholder forslag til dags- og helgeutflukter, samt ukesturer. Vakre bilder og kartutsnitt. Ei bok til inspirasjon og glede.

Grenseløs vandring av Lise Foss

Onsdag 30. august

E/2 er en av elleve fjellvandrerveier, som er lagt opp på kryss og tvers gjennom Europa. Veiene skal være mulige å gå selv for den moderate vandrer. Rutene følger bl.a. gamle handelsveier og pilegrimsruter. De er tilrettelagt, merket og vedlikeholdt av frivillige. E/2 starter ved Irskesjøen i Skottland og ender ved Middelhavet.

 

Boka inneholder praktiske råd, vakre beskrivelser, historie og foto. Som leser får man lyst til å ta på seg fjellskoene, hoppe inn i boka og bli med på reisen.

Matnyttig av Hans Petter Treider

Onsdag 30. august

Den inneholder en hel masse ting som du ikke visste at du lurte på. Hvem var det som egentlig kom på å lage eggekartonger, knekkebrød, joikakaker og pizzahjul? Eller hva med ostepop, polkagriser, kneippbrød og hermetikk? Og hvordan blir oppfinnelser til? Ta sukkerbiten f.eks.: Å dele opp en sukkerbit var ofte et farefullt prosjekt. Den var «steinhard og kunne ha en omkrets på halvannen meter». På dette viset skar kona til sukkerfabrikant Jacob Rad seg i hånda, i 1841. «Dette er jo livsfarlig,» skal kona Juliane ha sagt. «Finn opp noe som kan gjøre det enklere.» Tre måneder senere ble verdens første sukkerbitmaskin presentert. Bitene veide 4 gram og passet perfekt til fru Julianes teskje.

 

Dette er ei veldig morsom, lettlest og interessant bok.

Det amerikanske Lista av Siv Ringdal

Onsdag 30. august

Fra 1880-årene til 1970 var det arbeidsvandringer mellom Lista og USA. Brooklyn var oftest destinasjonen. En stor del av de som utvandret var ugifte og unge. De dro for å arbeide og oppleve eventyret, for siden å vende hjem. Dette satte sitt preg på oppvekst og familieliv, kjøkkeninnredning og holdninger. De kom tilbake med annerledes og «fikse klær fra Junaiten». T.o.m. inngangsdørene kunne være amerikansk-inspirerte.

 

Denne boka fokuserer på livet og hverdagen på begge sider av Atlanteren og på det kulturelle aspektet. Materialet bygger på bl.a. intervjuer med folk på Lista, postkort, brev, amerikanske ferdighuskataloger og emigrantprotokoller. Ei interessant og artig bok; full av bilder og personlige historier.

Sider